Søk i denne bloggen

søndag 27. mars 2022

"Heim" av Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad (f. 1983) er fødd på Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har etterpå gitt ut fem romaner, ein essay-samling i serien Lese, skrive og er nå aktuell med essay-samlinga Heim

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha lest meir litteratur av lokale forfattere, og då denne essay-samlinga dukka opp heiv eg meg over bibliotekets søkefunksjon. Eg har tidlegare lest fleire av romanene til Ingrid Z. Aanestad, og ved eit søk på Goodreads ser eg at eg har vore streng med stjernene. Mogleg eg må lese dei om igjen for å sjå om mitt 35-årige eg er samd med 23-åringen eg var då.
 
I Heim skriver Ingrid Z. Aanestad essays om åtte lesingar av følgande forfattere: Arne Garborg, Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel, Virginia Woolf og Jun'ichiro Tanizaki. I lesingane går Aanestad på jakt etter heimane i bøkene samstundes som ho prøver å finne seg til rette i eit sekstitalshus i skogkanten. Eg likte best essaya om Arne Garborg (som minner meg på at han er ein for meg lokal forfattar), Cora Sandel og Virginia Woolf. Sistnemnte har jo skrevet eit meget kjent essay om det å finne eit eige rom. Då Aanestad skulle ferdigstille denne samlinga tok ho inn på ei lita hytte ved Obrestad fyr nettopp for å finne eit eige rom til skrivinga.
Den franske filosofen Gaston Bachelard har skrive mykje om korleis inntrykka våre frå dei husa og heimane me har levd i, formar tanker, minne og draumar gjennom livet. I The Poetics of Space skriv han at me oppsøkjer minne om beskyttelse for å trøysta oss. Ein heim er noko som kan halde på minna, bevare dei som bilete. Derfor er mine frå heimen annleis enn minne frå omverda. (s. 105)
 Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Dette er spørsmål som står øverst i baksideteksten, og er spørsmål alle kan spør seg om. Eg har sjølv flytta frå min barndomsgard til leilighet i blokk, og når eg blir spurt om kva som er heime så er det min barndomsgard. Det er ingen stad eg kjenner meg meir heime enn når eg går gjennom det gamle huset, eller over markene eller når eg ser ein traktor. Og som eg skreiv over her at eg ønsker å lese fleire lokale forfattere så handler det vel så mykje om det å finne min heim i litteraturen som at det lokale trenger framsnakking.
 
Nå er Ingrid Z. Aanestad eit nokså kjent namn i litteraturverda, men sjølv ho trenger sikkert at nokon ser ho og leser det ho skriver på lik linje med meir kjente forfattere. Eg har i alle fall lyst til å hjelpe litt til der eg kan. Essay-samlinga anbefales!
 
XOXO

| Forfatter: Ingrid Z. Aanestad | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 139 sider | Forlag: Oktober |

7 kommentarer:

  1. Spennende å lese forfattere fra egne trakter. Interresant utgangspunkt. Selv vet jeg ikke akkurat hvor Heim er for meg, i denne sammenhengen.Jeg kan føle meg hjemme mange steder, men har ikke noe sterkt forhold til stedet jeg kommer fra, siden vi flyttet derfra så tidlig og vi flyttet flere ganger senere også. Namsos, Overhalla, Halden, Verdal. Og jeg i voksen alder; bodd flere steder. Jeg er trønder i alle fall:) Født i Namsos. I går var jeg på DDE-jubileumskonsert, da følte jeg at jeg var fra Namsos en stund. Har jo røtter derfra, tross alt, selv om jeg ikke har noe sterkt forhold til by eller folk der lenger, bortsett fra noen slektninger der. Besteforeldrene mine fra Namsos og Overhalla er døde.
    Carl Frode Tiller er fra Namsos. Og Olav Duun fra Jøa utenfor Namsos. Ingrid Storholmen er fra Verdal. Har vi forfattere fra Halden? Knut Nærum er i alle fall vokst opp i Halden. Trondheim har mange forfattere.
    Nå snakker jeg meg bort her, lov det på en søndag, vel?
    God søndag Elida:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Søkte opp forfattere fra Halden, og fant Sven Elvestad (Stein Riverton) på lista. Han er født i Halden . Morsomt.

      Slett
    2. Det er lov å snakke seg vekk på ein søndag. Eg har budd svært få plasser i mitt liv så min heim er der foreldra mine bur. Garden har vore i familien i generasjoner, så eg har eit veldig sterkt forhold til den :-) Omtrent all min utvida familie er frå same område så eg finner min familie bakover på omtrent same plass. God søndag, Anita!

      Slett
  2. Jeg er enig med deg at vi bør lese lokale forfattere, og denne boken høres veldig fin ut. Har sett den, men det er noe med det fragmentariske som gjorde at den ikke fristet.
    Selv flyttet jeg med mine foreldre til bydelen Åsane da jeg var 15, bodde der til for tre år siden, så det er ganske lenge. Først nå når jeg bor sentrumsnært føler jeg meg hjemme, kunne ikke tenkt meg å flytte tilbake til bydelen. Artige refleksjoner rundt tilhørighet og hva det gjør med oss, både hos deg og Anita :)
    Fortsatt god søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har og budd lenge på same plass :-) Eg har nå budd sentrumsnært i snart seks år, og kjenner at eg kan ikkje bu slik som foreldra mine. Då går eg på veggene. Dei bur meir landleg, og eg som ikkje køyrer bil kan ikkje bu slik.

      God søndag, Tine!

      Slett
  3. Denne boka har ei veninne av meg snakka mykje om. Ho kjem frå Jæren, men har budd eit langt liv austpå. Denne boka og forfattaren har opptatt henne såpass mykje at eg står på venteliste på boka på biblioteket. Eg gler meg til å lese. Eg har sjølv budd fleire stader, men det var ei ekstra kjensle då eg flytta frå aust til vest og kjente at her forstod folk humoren min. Eg var heimkomen, sjølv om eg ikkje var komen til heimbygda. Eg har blitt ein byas.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig at di venninne som har budd så lenge austpå framleis les frå sin heimplass :-)

      Eg vil til tider vera ein byas med kaffelatte og finsko, men så snart eg ser ein traktor eller eit nypløyd jorde blir eg gardskjerring med ein gong ;-)

      Slett