Søk i denne bloggen

søndag 7. august 2022

The 2022 Booker Prize | Claire Keegan, Alan Garner og Audrey Magee


Claire Keegan (f. 1968) er ein irsk forfatter som er mest kjent for sine novellesamlinger. Small Things Like These er den fjerde utgivelsen til Keegan, og er med den nominert til Booker-prisen.

Small Things Like These er ein liten roman på knappe 100 sider. Den handler om kôlhandleren Bill Furlong som har det travelt med årets siste leveranser. Heime førebur han til jul med kona og dei fem døtrene, medan eit møte med ei ung jente tar han tilbake til hans eiga fortid. Skal han la vere å blande seg inn, eller skal han la samvittigheten seire? Baksideteksten har lovord frå andre kjente forfattere, og i ein anmeldelse frå Dagsavisen (sitat lest på norli.no) blir Dickens nemnt. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er noko dickensiansk over romanen, men den er og ein anelse for kort og open for min smak. Godt skrevet, men eg kunne godt hatt meir. Når det endeleg skjer noko er det slutt. Eg trur ikkje dette held til kortliste-plass, men overraskelser kan skje.

| Tittel: Small Things Like These // Småting som dette | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 104 sider | Forlag: Faber // Aschehoug |


Alan Garner (f. 1934) er ein engelsk forfatter som er mest kjent for fantasy-bøker for barn og gjenfortellinger av britiske folkeeventyr. For dei som leser frå 1001 bøker har han ein roman på lista, Thursbitch, frå 2003. Treacle Walker er hans niende roman, og er med den nominert til Booker-prisen.

Treacle Walker er ein liten roman på knappe 150 sider. Med sine fantasy-elementer er det ikkje vanskelig å forstå ut frå det eg har lest om Alan Garner til å forstå at det er hans roman. Saken er at eg skjønte ingenting av den, og fleire Goodreads-anmeldere er samde med meg. Eg trur du må kunne ein del om engelsk lingvistikk og folkeeventyr for å forstå denne. Booker-juryen ser tydeligvis noko eg ikkje ser, eller dei syns Alan Garner fortener litt merksemd.

| Tittel: Treacle Walker | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 152 sider | Forlag: Fourth Estate |


Audrey Magee (f. 1950) er ein irsk forfatter. Ho har i mange år jobba som journalist for fleire engelske og irske aviser, og debuterte med romanen, The Undertaking, i 2014. Med årets roman, The Colony, har Magee debutert på Booker-lista.

The Colony foregår i 1979 og to utlendinger er på veg til ei lita øy på vestkysten av Irland. Engelskmannen er på jakt etter motiver han kan fange på lerret, medan franskmannen er ein beskytter av språket på den vesle øya. I løpet av nokon korte sommarmånader er det ikkje bare utlendingene som spør seg sjølv om deira liv, men fleire av øy-buarane må gjera seg opp ei meining. I nåtid får me korte utdrag frå rapporter om menn, kvinner og barn som mista livet under opprørene i Nord-Irland. Det gir ein substans til romanen som den ikkje kunne vore foruten. The Colony er ein roman som foregår i det stille, og som sitter lenge i. Anbefales!

| Tittel: The Colony | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 376 sider | Forlag: Faber & Faber |

XOXO

4 kommentarer:

  1. The Colony er en av bøkene jeg har bestilt så godt å se at den falt i smak hos deg.
    Og jeg kan trygt hoppe over eldstemann på listen ser jeg, kan ingenting om engelsk folkeeventyr og sci-fi er ikke helt min greie selv om jeg har lest og likt noe.

    Keegan sin bok har jeg lest men husker lite av den så mulig jeg lytter meg gjennom den en gang til.

    Det var fint å lese inntrykkene dine om disse bøkene,Elida.

    Er i gang med Maddie Mortimer sin bok og liker den veldig godt så langt.

    Ha en fin søndag 🙂

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Beathe! Korte anmeldelser fungerer for disse bøkene då eg ikkje har tid til å fordøye ordentlig før neste bok ut frå lista :-)

      Maddie Mortimer ligger her, tenker å lese Strout først. Las andreboka i går, og det var ein gedigen skuffelse så viss Åh William! er lik den så forstår eg ikkje kva juryen tenker.

      Slett
  2. Takk Elida, veldig kjekt å lese om disse tre bøkene. Skal si du gir gass for å få lest langlisten, det er gøy!

    SvarSlett
    Svar
    1. Akkurat i år så fungerer det meget godt. Veldig mange får eg på lyd også har eg ferie i tillegg :-)

      Slett