Søk i denne bloggen

mandag 5. desember 2022

"Olav V. Ensom majestet. 1946-1991" av Tore Rem

Tore Rem (f. 1967) er ein norsk forfatter, litteraturviter og -kritiker og professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har skrevet om Jens Bjørneboe, og har vore borti Charles Dickens og Henrik Ibsens bibliografi.

Olav V. Ensom majestet. 1946-1991 er tida for nye begynnelser. Krigen er over, familien er tilbake i Noreg, og eit ordinært familieliv kan starte. Vel, så ordinært som ein kronprinsfamilie kan få det. Oppturane i dette tredje og siste bindet står i kø då begge prinsessene og prinsen gifter seg i løpet av 50- og 60-åra. Dei tre ekteskapa byr på hodebry for både konge og regjering på kvar sin måte, men i alle tilfella seirer kjærleiken. For dei som ikkje har lest om dette før, så var svigersønene og svigerdottera alle borgerlige, men Lorentzen var den første (og sju år eldre enn prinsessa), Ferner var fråskilt, og dronning Sonja var av god familie, men ein kronprins gifter seg vel ikkje borgerlig.

Tittelen på boka sier ensom majestet for i 1954 døyr den elska kronprinsesse Märtha. Ho hadde i mange år slitt med sjukdom, og mot slutten av 40-talet og tidleg 50-tal rekreasjonsopphalda i kø. Medan eg las om hennar død rant tårene, og mot slutten hulka eg openlyst. Flaks det ikkje var den boka eg tok med på kafé på lørdag. Dåverande kronprins Olav mister si elska hustru, og som han sjølv sa på dødsleiet 37 år seinare: "Husk at det aldri har vært noen annen enn mor." (s. 579). Barna, og spesielt 17 år gamle prins Harald, mista si kjære mor. Då kong Harald avduka ein statue av si mor på sin 70-årsdag låg kjenslene utenpå både hjå konge og publikum. Statuen er forøvrig nydelig, og må sjåas i Oslo, eg må alltid oppom når eg er i Oslo.

Det som slår meg er skilnaden mellom kong Haakon, kong Olav og kong Harald når dei er sjuke. Det kan godt hende det er tida dei levde i, eller skilnadene deira, men det er likevel påfallende. I 1955 detter kong Haakon og brekker lårhalsen. Kronprins Olav går inn som regent, og kong Haakon gøymer seg for offentligheten til han døyr i september 1957. Kong Olav var sjuk omtrent eitt år før han døyr, og eit av dei siste bileta er nyttårsdagen 1991 (altså 16 dager før han døyr) der han tydeleg redusert er i kyrkja. Kong Harald har hatt sine sjukdomsperioder, og i dag går han stort sett med to krykker ute blant folk. Tidene og monarkene endrer seg.

Tore Rem har brukt eit ukjent antall kjeldemateriell, og han kan ikkje skrive kort. Eg har skumma mykje på 682 sider, men eg har lest min del av kongelige bøker tidlegare. Det som irriterer mest er at den er ikkje skrevet kronologisk. Den er heller tematisk, og for andre kan det fungere, men ikkje for meg. Når det er sagt er den utroleg godt skrevet, og er ein god avslutning på trilogien.

Avslutter ein med ein funfact som ikkje mange er klar over: Kong Olav var det første offeret for Gulf-krigen. Han var så livredd for at krigen nok ein gong skulle kome til Noreg at det gjekk hardt utover den aldrende monarken. 17. januar 1991 gjekk han ut av tiden, og eit nytt blad stod klar. Slik det skal vere. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 682 sider | Forlag: Cappelen Damm |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar