Fredag 21. september
For min del lite som skjer på Sølvberget før kl 16 så det blir ein roleg formiddag. Satt ei stund og las på ein kaffibar før eg traff Marianne.
Ytringsfrihetsprisen gjekk i 2022 til Tsitsi Dangarembga og forfatter og omsetter Marjam Idriss var til stede på Sølvberget og fortalte om Dangarembgas liv og virke. Her skulle eg ønske eg hadde lest bøkene før eg høyrte foredraget. Idriss veksla mellom det eine og det andre, og det var lite informasjon om hvilken del ho snakka om nå. Konsentrasjonen måtte vera på topp, så bøkene får eg ta føre meg.
Rett ner i kjelleren for frykten for alderdommen er nær. Janne Stigen Drangsholt, Runar Bakken og Finn Vågå snakka om skilnaden mellom kvinner og menn i alderdommen, når er me gamle, når ser me gamle ut, og sjølvsagt har Drangsholt med seg ein stabel bøker når ho er på scenen. Fredag var stabelen representert med ein ny antologi, Aldring, Susan Sontags On Women og Joan Didions Blå kvelder.
Årets Kielland-foredrag er alltid interessant. Fredag var det stinn brakke på Møteplassen, og forfatter Pedro Carmona-Alvarez hadde fått fire ord i ein e-post: Hvorfor er litteratur viktig? Carmona-Alvarez seiler opp som ein forfatter eg må lese noko av, og han durte på i 45 min nesten utan å puste. Var du ikkje der så anbefaler eg deg å sjekke ut foredraget i linken her. Eg skal sjå det ein gong til og notere poeng eg likte og forfattere han nemner.
Så skulle ein jo tru at me er lei av å høyre Tore Renberg snakke om Lungeflyteprøven? Neida, me tar eit arrangement i kinosalen med stinn brakke og eit meget lydhøyrt publikum. Og det er interessant når det ikkje er same person kvar gong som bokbader. Første gong eg høyrte Renberg om denne boka var det skodespelar Nina Ellen Ødegård i Rogaland teater. Så snakka han litt om boka med Magnus Marsdal og Mimir Kristjansson. Fredag var det lektor og idéhistoriker Mie Hidle. Samtalene blir annleis kvar gong fordi bokbaderen har eit annleis utgangspunkt. Og akkurat som i Rogaland teater kan du høyre ei knappenål falle på golvet når Tore Renberg leser deler av brevet (nå har eg lest romanen så eg veit det er deler av det) Anna Voigt skriver til sin far. Hjerteskjærande, og med Tore Renbergs innlevelse blir det ikkje anna enn magisk!
Frå ein kinosal til ein anna og inn i forestillingen Hold kjeft, det er Ibsen! med Liv Gulbrandsen. Eg ante ikkje kva eg gjekk til. Eg er inne i ein fascinasjon for Ibsen om dagen, og sluker alt med Ibsen rått. Liv Gulbrandsen har laga ein personleg forestilling med si bestemor i fokus og Ibsen ved sida av. Det var historier frå Gulbrandsens barndom, oppvekst, om bestemora, om søsknene til bestemor, om fattigdom og Theatercafeen, om leilighet frå Obos, og om bestemors besettelse for Ibsen. Liv Gulbrandsen var fem år då ho såg sitt første Ibsen-stykke, Hedda Gabler, på Nationaltheateret. Det kan diskuteras om akkurat det stykket var passande for ein fem-åring, men det gjorde inntrykk. Forestillingen var meget god, og me gjekk ut av Sølvberget glade og fornøgde.
Lørdag 23. september
Etter frokost tusla eg oppover bakken. Eg visste at ein bookstagrammer frå austlandet og var i området, og me hadde vore i same rom minst ein gong dagen før. Sandra/lesehjornet var på jobb for Ark bokhandel, og sidan eg var så tidleg ute tenkte eg ho muligens var i nærområdet. På grunn av skiftande ver hadde Ark rigga deler av festivalbokhandelen inne, og i gangen akkurat då eg tenkte på ho såg eg na. Ein klem, liten samtale, og den obligatoriske selfien til Instagram og vipps så hadde eg truffet ein til person som eg kun kjenner via sosiale medier.
Så kom det eg hadde gleda meg til. Helene Sandvig skulle vera på Møteplassen og snakke om når håpet svinner. Om alderdom og demens, og om si bok, og Arne Ruset har skrevet ein roman basert på sine pasienthistorier. Eg hadde med boka mi frå bokhylla som eg hadde grått mine modige tårer over, og håpte eg var modig nok til å spør om ein autograf. Kom tidlig inn, Helene Sandvig sitter på scenen med Ruset og Ingelin Tesdal og eg spør. Fortalte om mine modige tårer og eg fekk hilsen og signatur i boka. Samtalen vart både vanskelig og morsom, for faktum er at eldrebølgen skyller inn over landet, og demens blant både unge og eldre må snakkes om. Før det blir så gale at personen med demens ikkje aner kven du er eller kven hen er. Eg har hatt demens i nær familie, og håper i det lengste at det bare skal hoppe over meg.
Janne Stigen Drangsholts arrangement på Kapittel er alltid utsolgt. Enten ho er i fokus, samtalepartner eller leder for samtalen. Intet unntak då arrangementet om hennar nyaste bok, Winterferie, var i kjelleren. Fire minutter før det begynte dumpa eg ner på ein stol på tredje rad med ein god gjeng kvinner og menn i sin beste alder. Humørfylt samtale mellom Drangsholt og Leif Tore Lindø. Eg har ikkje humoren til Drangsholts bøker om Ingrid Winter, men det gjer ingenting når ho er på scenen. God stemning i salen og ein perfekt avslutning på festivalen.
For nå kjente eg at det var nok. Det var fleire poster utover dagen, men eg gjekk og åt sushi. Drakk kaffi. Sidan eg likevel skulle vera i by'n til dagen etter gjekk eg på kino. Det anbefales ikkje å sjå Agatha Christies Mord i Venezia viss du er lettskremt. Eg satt med hjerta i halsen i halvanna time, og eg virkelig hater å bli skremt. Etter lyden å dømme var eg ikkje den einaste som skvatt fleire gonger.
Festivalhelga er over for min del, og eg ser allerede fram til neste år!
XOXO
PS. På min instagram-profil @elidaleser ligger det eit høgdepunkt som heiter Kapittel-23. Kikk gjerne der om du vil sjå bilete og litt tekst frå ulike arrangement. DS.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar