Søk i denne bloggen

fredag 1. september 2023

Månadsoppteljing #99 | August i bøker

August var: Full av jobb, og halvveis uti oppstart med ny avdeling. Bokhjartet mitt flommer over kvar dag då ungane er så glad i bøker, og dagleg gir meg tips til kva me kan lese og låne. Eg stiller villig opp, og låner og leser halve dagen. Ellers har eg vore på Litterær festaften med Tore Renberg. 2 timer i Rogaland teater med ein audmjuk og elektrisk forfatter på scenen! Som eg sa til Marianne/ebokhyllami som og var i salen: Tore Renberg er litt vår si han er frå Madla, og eg er så glad for at ikkje alle strålande forfattarar er frå Oslo-området.

I august har eg lest: Litt overalt denne månaden, og ikkje alt er like godt likt. Maria Parr må nemnes igjen då det er noko av det beste eg har lest dette året.

* Olga Tokarczuk: Før plogen din over de dødes knokler (papir frå hylla) OTS
* Trude Marstein: Egne barn (papir frå hylla) OTS
* Paul Harding: This Other Eden (lyd frå Nextory) BP
* Agnes Ravatn: Stillstand (papir frå hylla) OTS
* George Orwell: Why I Write (lyd frå Nextory)
* Deborah Levy: Things I Don't Want to Know (papir frå hylla) OTS
* Nora Dåsnes og Hannah Mileman: Skolen (Gjenklang #9) (digitalt frå Bookbites)
* Nora Dåsnes og Hannah Mileman: Reisen hjem (Gjenklang #10) (digitalt frå Bookbites)
* Neda Alaei: På en betingelse (digitalt frå Allbok)
* Chetna Maroo: Western Lane (lyd frå Nextory) BP
* Leila Slimani: Se oss danse (In the Country of Others #2) (papir frå biblioteket)
* Staffan Thorsell: Mein lieber Reichkanzler! (papir frå hylla) OTS
* H.P. Lovecraft: At the Mountains of Madness (papir frå hylla) 1001 OTS 
* Jonathan Franzen: Lenger unna (papir frå hylla) OTS
* Maria Parr: Oskar og eg (papir frå biblioteket)
* Abdulrazak Gurnah: Taushetens øy (lyd frå Nextory)
* Ørjan N. Karlsson: Det siste stykket hjem (Jakob Weber #1) (lyd frå Nextory) OTS
* Linn Strømsborg: Faen, faen, faen (digitalt frå Allbok)

I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Tore Renberg: Lungeflyteprøven
* Ayobami Adebayo: A Spell of Good Things BP

I august har eg kjøpt:

* Marta Breen og Jenny Jordahl: Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet
* Agnes Ravatn: Alle mot alle

I september skal eg: Kapittel er eit høgdepunkt, og eg har store planer om å delta på det aller meste. #sakprosaseptember i regi av Malin/readygoread er eit anna høgdepunkt, og leselista er bestemt.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Vi er heldig som kan være med å forme små lesehester fra helt ung alder :) Jeg sitter med smil om munnen når jeg tar inn engasjementet ditt over enkelte bøker, Oskar og eg står jeg i en eventyrlig lang kø på, mens Lungefløyteprøven kom inn av dørene i dag, den gleder jeg meg til.
    Ha en fin helg Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er så glad for at det er lesende barn, og at eg kan gi tips og dei gir tips tilbake. 5-åringen var engasjert då han fortalte meg om bøker som eg skal hente på biblioteket nå i helga :-)

      Kjekt at eg kan engasjere og inspirere deg og :-)

      Slett